|
| Fjellgran DA vart stifta i 2004. |
|
Det var ei gong to smågutar ifrå bygda Liagardane på Ål i Hallingdal som ville freiste lykka som "kremmarar". Heime på garden blant sau og storfe vaks det innimellom fram flotte juletre. Desse ville dei ta med seg til sentrum og by fram for lokalbefolkningen. Gutane vart godt motteke! Som mange andre "grundarar" starta dei i det små med 10-12 tre og eigendyrka julenek. Kremmarånden var tent.
I dag har dei samman med ein annan kamerat frå samme bygda teke steget ut til den store stad (Oslo). Dei legg si ære i å tilby eigenproduserte kvalitetstre for hovudstadens befolkning. Som hallingdølar flest vil dei ikkje væra lik alle andre. "Orginalane" fra Hallingdal klatrar i førjulstida rundt i "berghyllene" på Ål på leiting etter den heilt spesielle fjellgrana. Grana likar seg ikkje på store plantasjar, til det veks den for seint. Resultatet kan du sjå ved å besøke uss på ein av våre juletreplassar. Det er jo berre jul ei gong i året, og då er kun det beste godt nok!
---------------------------------------------
- Juletreskikken
Juletreskikken tok til tidleg på 1500-talet.
I det katolske Syd-Tyskland og Sveits pynta ein forsamlingslokale med tre. Frukt og kaker vart hengt på greinene, og på 13. dagen fekk barna hauste treet.
I løpet av 1800-talet vart juletreet kjent over det meste av Europa og Amerika. I Storbritannia vart juletreet vanleg etter at dronning Victoria og hennar tyske prinsgemal Albert tok opp tradisjonen midt på 1800-talet.
I Norge var det særleg prestar og lærarar i byane som introduserte tradisjonen med juletre. I Christiania vart det første juletreet registrert i 1822.
Mange meinte at dette var ein form for avgudsdyrking og dans rundt gullkalven.
Juletrefestar i skula sin regi starta her i landet rundt midten av 1800-talet. Dette gjorde sitt til at juletreet vart kjent utover bygdene.
Juletreet på Universitetsplassen vart reist første gong i 1919.
Verdas høgaste hogde juletre var ei douglasgran som vart reist i eit kjøpesenter i Seattle i USA i 1950. Treet var 67,36 m høgt.