Fjellgran

Med eit tre som har vokse høgt oppå åsen
blir det lite barnåler i støvsugarpåsen!

Eit ekte naturprodukt!

Fjellgran er eit ekte naturprodukt som aldri har vore behandla med kjemikalier. Treet veks ikkje på plantefelt, men på nedlagte stølsvollar og utslåttar, 800-950 m.o.h.

Me brukar naturmetoden. Kyr og sau heldt gras og kratt nede, og pga at dei rotar i marka, får naturlege frø bli til nye tre.

Det tek 15-25 år å bli juletre av typen Fjellgran.
Fordi trea veks seint, blir dei tett og fin, med eit grovt og kraftig bar.
Dette er eit svært robust juletre, som heldt godt på nålene.

Dersom du steller godt med treet, kan det hende du er heldig og får friske skot...

Nyhetsbrev

Jeg vil abonnere på nyhetsbrevet.
 

Fjellgran DA - Skrindevegen, 3570 Ål - Tlf. 90 63 86 38 - post@fjellgran.no - Org. 987 287 179 MVA