|
Stell godt med julebuska, så får du eit tre du lenge huska |
|
| For å få treet til å halde lenge, anbefalar me følgjande: |
 | Dagen før pynting bør du ta treet inn slik at det får ein jevn overgang frå ute- til innetemperatur. I kjellar, garasje, bod e.l. Kapp av nokre cm i rota. Sett treet i ei bytte vatn, det kan gå fleire liter fyste døgnet. Du må lure treet til at det blir vår. Når det skal pyntast, monterer du treet i foten der det skal stå, klypper opp nettet, og let det få ein time til å brette seg ut. Ha gjerne litt haldbarheitsmiddel for avskårne blomar i vatnet. |
Pass på at det alltid er vatn i foten! Blir det tomt, får treet ei ny hinne, og du må kappe av ei ny skive i rota. |
Dersom du steller godt med treet, kan det hende du er heldig og får friske skot...